Utklipp frå lokalavisa Firda Tidend fredag 1. oktober 2004

Eit triveleg musikalsk møte på CD

Eidarane sitt musikalske "radarpar", organisten Ralph J. Cupper og saksofonisten Inge Asbjørn Haugen er i farten igjen med ny CD "The White Cliffs of Dover", Evergreens volume 2.

Den første CD'en dei to gav ut "Over the Rainbow", Evergreens volume 1, kom ut i 2001. Med over 500 selde eksemplar må det prosjektet seiast å vere vellukka både økonomisk og ikkje minst musikalsk.
    No er det klart for oppfølgjaren "The White Cliffs of Dover", ei variert samling godt kjende melodiar - frå orgelstykke og folkemelodiar til danselåtar.
    For mange er vel organisten Ralph J. Cupper ikkje den mest kjende. Han er fødd i Norwich i England i 1954, har musikkutdanning frå "The Royal Academy of Music i London", studerte seinare orgelspel, sist med den kjende nederlandske organisten Bernard Bartelinck. Før Ralph J. Cupper og kona Karin flytta til Noreg i 1988, var han kantor og organist i fleire kyrkjelydar i fylket Norfolk. Same tid tok han utdanning på universitetet i teologi og androgogikk. Cupper er tilsett som kantor og organist i kyrkjelydane i Eid og Stårheim, der han og kona er særs aktive i kyrkjelydsarbeid, i tillegg til dei musikalske oppgåvene hans. Han har og gjeve fleire konsertar både i Vest-Tyskland og Noreg og ei rekkje stader i England, forutan å ha spela i BBC og NRK.
    Inge Asbjørn Haugen, opprinneleg frå Hornindal, kjenner mange friidrettsinteresserte som ein av dei ivrigaste maratonløparane her i landet, med over 200 løp bak seg.
    Like kjent er Haugen i det frivillege musikkmiljøet, etter stor aktivitet som amatørmusikar. Også her i Gloppen, som klarinettist i korps, då han arbeidde ved likningskontoret på Sandane. Elles har han vore med i korps i Hornindal og Eid, Sogn og Fjordane Storband, Sogn og Fjordane Symfoniorkester, Hornindal Storband, Haugens Kvintett, Mixmasters & The Voices, og speling i kyrkjeleg samanheng. Frå 1989 tok samarbeidet med Ralph J. Cupper til.

Ein CD å glede seg over
La det berre vere sagt med ein gong: "The White Cliffs of Dover" er ein CD å glede seg over. Det svingar og kling, "real swing" i godt samspel mellom organist, og innimellom, ein drivande god altsaksofonklang.
    Det er likevel eit utruleg bra samspel som kjenneteiknar CD'en, evig-grøne melodiar kjem som perler på ei snor. Tittelmelodien er alt nemnt, Errol Garner sin "Misty", "Skylark" av Carmichael, "Ut mot havet" av Edvard Fliflet Bræin, salmen "Amazing Grace",  "Folketone frå Hornindal" arrangert av Eivind Groven, og Carola Häggkvist sin "Himlen i min famn" - alle i solid samspel dei to utøvarane imellom.
    Ralph J. Cupper sine orgelsoloar på CD'en viser også ein musikar med eit variert repertoar, frå "Sonata de Primo tono Para Trompeta Real", "Psalm-Prelude Op. 32 nr. 1" og "Trumpet March" - komponert til Lady Diana og Kronprins Charles sitt bryllaup i juli 1981 - til orgelarrangement av John Phillip Sousa sin "The Stars and Stripes forever". Så ulik i klang og dynamikk korpsfolk kan oppleve dette ikonet av ein marsj. Like fullt er det berre å undre seg over den tekniske framføringa.
    Eit triveleg musikalsk møte med amatørsaksofonisten og organisten - og sikkert for mange med oss.

                                                                                                                                                                             Odd Hansen
 

Sist oppdatert: 05.10.2004
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.
Tilbake til: The White Cliffs of Dover